Eiksund samlingshus:

Eit unikt innblikk i livet til legendariske Jussi Björling

Kultur

Laurdag fekk dei frammøtte på Eiksund samlingshus eit unikt innblikk i livet til den legendariske svenske tenoren Jussi Björling, eller Johan Jonathan Björling, som han eigentleg heitte. Først song Louise Engeseth, det store soprantalentet som var varsla skulle synge i Eiksund, akkompagnert av Ragnhild Engeset på piano. Så var det tid for hovudbolken i programmet. Eit føredrag om Jussi frå ein av dei som kan absolutt mest om legenda.