Byr inn til klassisk heilaftan i Volda kyrkje

Brandølingen Olav Egge Brandal og voldingen Louise Engeseth inviterer til konsert, «Klassisk på heimebane» laurdag 22. juni.

Klassisk i Volda-kyrkja: Olav Egge Brandal frå Brandal og Louise Engeseth frå Volda byr inn til klassisk konsert i Volda kyrkje laurdag 22. juni. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Kultur

Brahms klaversonate nr. 3 og norske tonar står på repertoaret for kvelden. Så nyleg som tysdag 11. juni hadde Olav Egge Brandal sin mastereksamen ved Noregs musikkhøgskole i Oslo, der han spelte Brahms klaversonate nr. 3. Det er nettopp difor første avdeling av konserten vil bli via til akkurat dette stykket klassisk musikkhistorie.