Hareidsband vann Musikkprisen 2019

Til topps Kontrollert Kaos frå Hareid gjekk til topps i finalen i Musikkprisen 2019. Frå venstre Roy Torset (bass/gitar), Hans Peter Andreassen Breuning (gitar), Roy-André Øvrelid (vokal), Elias Liavåg (keyboard) og Bjørn-Tore Øvrelid (vokal). Også med: Andreas Rise (vokal) og Martinus Larsen (trommer) er med.  Foto: Linda Eikrem

Kultur

Det var bandet Kontrollert Kaos frå Hareid som vann Musikkprisen 2019. Også gruppa Ufokusert og artisten Leander frå Bergen var med i finalen i denne nasjonale konkurransen som gjekk føre seg på Terminalen Byscene i Ålesund onsdag kveld. Konkurransen er eit samarbeid mellom Ocean Sound Recordings, Momentium, Sparebanken Møre, AMFI Moa, Quality Hotel Waterfront og Sunnmørsposten.


Finalist i Musikkprisen 2019:

– Vi skal gje 100 prosent

 


Vinnaren får spele inn plate i Ocean Sound Recordings, spele på opninga under Jugendfest på Color Line Stadion og spele konsert under musikkonferansen Trondheim Calling.


 

Vikebladet Vestposten kjem tilbake med meir frå sjølve finalekonserten.