Klassisk på heimebane

Konsert: Pianist Olav Egge Brandal og sopran Louise Engeseth.  Foto: Robert Skeide

Kultur

«KLASSISK PÅ HEIMEBANE» kalla dei konserten sin dei to unge musikktalenta frå Hareid og Volda.

INNSENDT

Det var pianisten Olav Egge Brandal, og sopranen Louise Engeseth som samarbeida om denne kammerkonserten om vi kan kalle den det, sidan arenaen var Volda kyrkje, som ligg nærare katedralen i klang. Men eit godt flygel var der, som virkelig fekk gjennomgå i Brahms Klaversonate nr. 3 op. 5, eit svært tidleg verk av Brahms, men som til fulle er ei stor utfordring for einkvar pianist, Og Olav brillierte som vanleg.

Her var det saftige og mektige klanger som Brahms er kjend for, og ein kunne av og til lure på om Olav har nokre ekstra fingrar på kvar hand, for slik kunne det høyrast ut. Men dei fem satsene inneholdt både det majestetiske, det rolege og uttrykksfulle i tillegg til det humoristiske, det vakre og melodiske intermesso, og ein hurtig finale i litt fri stil. 

Sonateforma er jo som ein heil symfoni  for eit instrument åleine på heile 45 minutt. Olav hadde alt memorert ned til den minste detalj. Meisterleg utført!  Såg at han laut opp å tørke panna mellom kvar sats, det er ikkje lite energi som går med til eit slikt «maratonløp» på tangentane, og pulsen var nok også høgt oppe, for her var mykje energi! (Berre synd at litt for mange av publikum applauderte mellom satsane)…

Eg må seie at som infødd hareidsdøl er eg mektig stolt på Olav sine vegne! Han er no ferdig med sin master på musikkhøgskolen, og skal jobbe freelance medan han tar pedagogikken. Lukke til Olav, det skal bli spennande å følgje med deg vidare!

Så var det «gullstrupen» Louise sin tur, med Olav som solid tonefølge gjennom heile 11 nydelige norske romanser.

Ikkje berre har Louise ei klokkeklar og rein stemme, men tekstuttalen er like sprudlande. Artikulasjonen så nyansert utan å overdrive munnbruken, vokalane og diftongane er som balsam i øyregangane, og konsonantene som krydder på tunga. 

Vi fekk først servert  fire perler av Agathe Backer Grøndahl. Der den mest kjende nok var «Mot kveld»  Så tre songar av Halvdan Kjærulf, og til slutt tre av Edvard Grieg sine mange songar og romansar; «Ved Gjetlebekken frå Haugtussa, «Solveigs sang» frå Peer Gynt, og til slutt «Vaaren»  Alt så nydeleg framført at ein fekk frysningar.

Dynamikken, tonekvaliteten og energien til Louise var utruleg! Applausen til eit begeistra publikum ville ingen ende ta, og  dei to kunstnarane kvitterte med noko av det vakreste av det vakre, både i tekst og tonar, signert Aasmund Olavson Vinje og Edvard Grieg «Ved Rondane»  Snart 150 år sidan Edvard og Nina urframførte den…og den går aldri av moten når vi har slike unge friske musikarar som held liv i den gamle, ekte og norske kulturskatten som dette er! 

Louise tek no til som student på Barratt Due, og vi ønskjer henne også lukke til med eit spennande og krevjande studium! Takk for ein uforgløymeleg kveld!


Robert Skeide