–Dei truga med å drepe oss

Som journalistar, og ateistar har søstrene Ghalavazi gjennomgått mykje vanskeleg

Barndomsminne: –Som born var eg veldig fascinert av vikingar. Dei var så modige, lure og kunne overleve tøffe kår. Eg lærte dei fine tinga om vikingane. Eg hadde nok aldri trudd at eg skulle ende opp i vikinglandet. I går var eg på Kvitneset, og fekk høyre om vikingar. Det var verkeleg spanande. –Kanskje vi likar vikingar fordi dei kjempa for rettane sine, nett som oss kurdarar, seier Maria og humrar.  Foto: Emily Louisa Millan Eide

Kultur

32 år gamle Shiva Ghalavazi har vakse opp i Sanandaj, Kurdistan i Iran. Ho kom til Noreg saman med mor og to søsken i oktober i fjor. No er dei busette i Hareid kommune. Shiva har master i agroøkologi, er journalist, miljøaktivist og har jobba for menneskerettane som frivillig i Iran.