300 fleire selde billettar

Herøyspelet hadde ikkje vore mogleg utan alle dei frivillige som stiller opp.   Foto: Torill Myren

Kultur

- Me er så takknemlege og glade, seier styreleiar i Herøyspelet, Linn Therese Sævik, etter ei spelhelg med stor publikumsvekst.

I ei pressemelding forklarer arrangørane av Herøyspelet det auka billettsalet med at dei har vore gjennom ei nysatsing.

- Herøyspelet har vore gjennom ei fornying, både på og rundt scena, og me håper det er dette me ser resultatet av. I fjor laga me til vikingleir med aktivitetar for heile familien, i tillegg til at me hadde open hagefest om kvelden. I år er det lagt vekt på å utvikle sjølve spelet, forklarer Sævik.

For vêret kunne det ikkje vere som gjorde at fleire fann vegen til Herøy gard og spelet. I fjor var det varmt og fint, i år var det 12 gradar og nordavind.

Herøyspelet "Kongens Ring" har fått ny regissør, ny regi og nye hovudroller.

Styreleiaren vil gjerne rose alle dei frivillege som gjer at det kan bli spel.

- Eg er så stolt over og glad for dugnadsgjengen. Utan alle som hjelper til kunne me ikkje arrangert Herøyspelet. Kvart einaste år vert det lagt ned dugnadsinnsats tilsvarande fem, seks årsverk. Dette er eit storløft for kulturen i regionen, og me gler oss over at også publikum set pris på det som blir skapt i spelhelga.