[ Øyfolket ] - Ein hyllest til portrettet og menneska:

Gerd Fjellanger

Gerd Fjellanger.  Foto: Fotograf Cecilie Hatløy.

Kultur

Gerd Fjellanger fortel at ho er fødd på Lindås i Nordhordland i 1945. Ho meiner nok 1955, tenkjer eg, og sjekkar personboka for Ulstein og Hareid. 1945 var rett det. Mor til Gerd, Gunvor Grimstad, ætta frå Hareid. Far Bjørn budde på Fjellanger i Lindås. Gerd har ein 5 år yngre bror, Kjell, og han besøker ho så ofte ho har anledning. Gerd fortel at ho hadde ein god oppvekst ute på strilelandet. Der hadde dei bygdekino, utedo, vassbøtte med ause på kjøkenbenken, radioapparat med barnetime og radioteater. Far til Gerd lærte ho å danse på kjøkengolvet. Tv fekk dei ikkje før i 1964, og då var Gerd flytta heimanfrå.