"Øyfolket- ein hyllest til portrettet og menneska":

Kreative Ine

Ine Brandal.  Foto: Cecilie Hatløy.

Kultur

Ine Brandal kom til verda 5. juni 2003, nesten sju veker før termin. Mamma Evy fortel at dei fekk ein heilt annan start på livet som foreldre, enn det dei først hadde sett føre seg – tre veker på prematuravdeling på Åse, før dei fekk ta med seg jenta si heim.