Influensaren Sophie Elise:

Kjem til Ulsteinvik for å snakke om psykisk helse

Influensaren Sophie Elise Isachsen, eller berre Sophie Elise, kjem til Ulsteinvik 17. oktober for å snakke om psykisk helse.  Foto: Pressefoto.

Kultur

Torsdag 17. oktober kjem bloggar, influensar og forfattar Sophie Elise Isachsen til Ulstein bibliotek. Ho skal halde føredraget "Min psyke - en privatsak?".

24-åringen er ein av Norges mest kjende influensarar - og ein uredd bloggar og påverkar, skriv arrangøren Ung Arena Ulstein på Facebook-sida til arrangementet.

- Med fleire bøker, eigen TV-serie og gjennom media har ho blitt ei tydeleg stemme i samfunnet, særleg blant ungdom. Sophie har ved fleire høve vore open om at ho har slite psykisk, og møtt kritikk for kva dette har gjort med ho og korleis ho har valt å takle det. I dette føredraget fortel ho frå si historie, kva ho tenkjer om mental helse og kva dilemma det fører med seg å vere open - anten ein er kjent eller ikkje, skriv Ung Arena Ulstein.