Bildeserie frå Brandalsdagane

Kultur

Torsdag tok Brandalsdagane sine første programpostar til, med potetball på Ishavsmuseet og barnedisco i gymsalen på Brandal Friskule.

Fredag kveld var det klart for volleyballturnering på Ingamarka, før det var klart for polarkveld på Ishavsmuseet, med historikar Kjell Kjær som føredragshaldar. Etter føredraget blei det servert steik av moskus.

Seinare same kvelden vart Sans Pub offisielt opna igjen, og det blei i det høvet arrangert quiz på Brandal grendehus.

Laurdag var det ei rekkje aktivitetar for små og store i Brandal, og sjølvsagt den tradisjonelle fotballkampen mellom Indre og Ytre. Akkurat kva resultatet blei vitast ikkje, men rykta tilseier at det enda med heile 19-10 i favør Ytre.

Elles fekk den nye kaia i Brandal sitt fyrste båtbesøk denne helga, og fleire av listetoppane i Hareid og politikarkollegaer var samla for å inspisere kaia. Spesielt imponerande var det at Ulstein Betongindustri hadde stått på til seine kveldar for å rydde kaia slik ho skulle bli klar til Brandalsdagane, fortel arrangørane bak Brandalsdagane. Det står berre litt att før kaia er heilt ferdig, men det ser allereie veldig bra ut.

Seinare på laurdagskvelden var det klart for 100-årsfeiringa for Brandal grendehus, som du kan sjå i ei eiga sak:



Søndag var det aktivitetar for born igjen, mellom anna skattejakt.

I bildeserien over kan du sjå nokre glimt frå Brandalsdagane.