Brandal grendehus:

Fullt hus under 100-årsfeiringa

"Fire fjonge fjoller", beståande av Trine Rætta, Evelyn Røren, Trude Børjesson Sørdal og Ingvild Mork, framførte ei rekkje musikalske perler.  Foto: Privat.

Kultur

Laurdag kveld, under Brandalsdagane, blei tradisjonsrike Brandal grendehus feira med stor ståhei. 100-årsjubileumet blei feira med stil - og det blei fullt hus.

Konferansieren for kvelden var ingen ringare enn Folkelista sin ordførarkandidat, Bernt Brandal. Ifølgje rapportane losa han den festglade forsamlinga stødig gjennom jubelkvelden.

"Fire fjonge fjoller"

Når det er jubileumsfest er det også på sin plass med litt underhaldning.

Trine Rætta, Evelyn Røren, Trude Børjesson Sørdal og Ingvild Mork dannar kvartetten "Fire fjonge fjoller", og dei stod for framføringa av ei rekkje musikalske perler - til stor åtgaum frå salen.

I tillegg dukka nokre av karakterane frå Brandal Amatørteater opp, til stor jubel frå salen. Dette i høve overrekkinga av ei pengegåve frå amatørteateret til Brandal sitt kjære grendehus.

(Saka held fram under bildet)

Det var fullt hus i storsalen på Brandal grendehus laurdag kveld.  Foto: Evelyn Røren.

 

Huset har blitt opprusta, mellom anna med eit tipp-topp lyd- lys- og sceneanlegg då Sans Pub leiger storsalen i hovudetasjen.

Gode historier i fleng

Litt ut på kvelden var det rigga og klart for "open mikrofon". Fleire av bygdas noverande og tidlegare innbyggjarar nytta høvet til å anten synge litt eller til å fortelje gode historier.

Alt i alt vart det ei fengjande flott feiring for grendehuset - som både har vore skule og bedehus tidlegare. Ein flott fest for ein flott 100-åring.

Salen var sjølvsagt pynta flott - og det skulle ikkje vere tvil om kva år grendehuset fyller i år!  Foto: Evelyn Røren