Ei verdig innviing av Hareid sitt nye konsertflygel

Det er ikkje ofte B-ordet er å høyre på Hareid bedehus, men etter kammerkonserten fredag kveld let publikum hemningane fare og ropte «Bravo!» ut over ein fullsett sal.

Avsløringa: Svenning Veiseth avdukar det nye konsertflygelet. I bakgrunnen, Arild Grimstad i den ideelle gruppa Hafest som har tatt initiativ til innkjøp av flygelet. 

Kultur

Hareid er så heldige å huse ein av dei mange konsertane i samband med Sunnmøre Kammermusikkfestival som går føre seg no. På Hareid-konserten hadde eit kresent og lydhøyrt publikum samla seg for å lytte til Wolfgang Plagge på klaver, den italienske pianisten Saskia Giorgini, den britiske tenoren James Gilchrist, samt solocellisten Jonathan Aasgaard og fiolinisten Maria Angelika Carlsen frå Noreg.