Drog i hamn nok ei vellukka utgåve av Ulsteinmessa

Nyekyrkjekarane kan sjå tilbake på nok ei vellukka Ulsteinmesse med 110 utstilte bilmodellar frå alle bilmerke som er representerte på Sunnmøre, frå Porsche til litt rimelegare merker.  

Kultur

- Kvelden før messa var vi rimeleg trøytte og våte, men det er gløymt når resultatet vart så bra som det vart i dag. Når soknepresten i tillegg greidde å ordne med fint vêr, ja då er det berre fantastisk kjekt, seier Cato Voldsund i arrangørgruppa Nyekyrkjekarane.