Stort fall for opelen til kyrkjeverjen

Kyrkjeverjen sin gamle opel i fritt fall

Kultur

Mange hadde møtt fram for å få med seg bildroppet under Ulsteinmessa. Dette plar vere eit populært innslag og i år var ikkje noko unntak.

To bilar vart sleppte ned frå toppen av ei høg kran, møtet med bakken skulle tilsvare ein kollisjon i 80 kilometer i timen.

- Det knyter seg mange gode minne til denne bilen. Den har vore med oss på utallige ferieturar, fortalde eigaren av den eine bilen, Christfried Kaul, i minutta før droppet. Kaul er kyrkjeverje i Ulstein og ein av Nyekyrkjekarane som står bak bilmessa.

Christfried Kaul forklarte at han hadde prøvd å selje bilen, ein Opel Zafira, for 15.000 kroner i fjor, men han fekk ikkje napp. No vart bilen i staden brukt som demonstrasjonsbil for å syne kva krefter som er i sving ved ein bilkollisjon.