Ulsteinviks store teikneserieson kjem

I kveld, torsdag, kjem Ulsteinviks store teikneserieson til Ulstein Bibliotek.   Foto: Alexander Qvale Gilje

Kultur

Torsdag kveld kjem serieskapar Øystein Runde til Ulstein bibliotek for å dele av kunnskapen sin om teikneseriar. Arrangementet, som er eit samarbeid mellom Ulstein mållag og Ulstein bibliotek, er ope for teikneserieinteresserte i alle aldrar.

Runde ein av dei mest særeigne teikneserieskaparane i Noreg. Han har vunne kulturdepartementsprisen for beste teikneserie to gongar, kombinert Olav H. Hauge-, Halldis Moren Vesaas- og Tor Jonsson-dikt med blodsprutande vikingslåstkampar i actionserien Olav Sleggja og laga ei barnevenleg faktateikneseriebok om stamcelleforsking. For tida er han aktuell med faktaboka Stamceller, actionserien Berserk og podcasten 80 %, der han småpratar med Kristopher Schau og Frode Hanssen.

I føredraget, som har fått tittelen «5000 år på 50 minutt», skal Runde prate om teikneseriar av mange slag, og han kjem mellom anna inn på korleis moderne teikneseriar, anten det no er japansk manga eller superheltseriar, har djupe røter.

– Eg skal vise korleis teikneserien, og teikneserieaktige måtar å kommunisere på, har vore nyttige for menneska i tusenvis av år. Men det er jo litt sånn kose-pseudovitskap, då, så hovudbolken av pratinga skal handle om noko eg kan, og det er ulike teikneseriestilar og tradisjonar i ulike land, og korleis norske og svenske teikneserieskaparar har vorte påverka og inspirerte av dei, seier Øystein Runde.

– Eg håper å vise at det er ENORM breidde i feltet mitt, meir enn folk kanskje anar. Og så er det ganske mykje eg synest er artig, som eg vil vise fram berre fordi det er gøy. Elles så har eg fått lov å selje bøkene mine før og etter, så eg skal ta med eit par bøker som er vrine å få kjøpt i normale bokhandlar i dag, og litt originalar og sånt, avsluttar Runde, som òg hintar om at det kan verte premiere på ein kortfilm av mystisk karakter.