Teikneserieforfattar Øystein Runde:

- Trist at teikneseriar blir radert bort frå avisene

Teikneserieblada er i ferd med å forsvinne, og Dagbladet har varsla at frå oktober er det definitivt slutt med teikneseriestriper i avisa. Øystein Runde meiner det er ei trist utvikling.
Kultur

Teikneseriar som Pondus, Nemi, Rody og Lunsj har alle hatt si tid som striper i Dagbladet, men frå oktober av er det slutt - og elles rundt om i landets aviser blir det stadig færre teikneseriar å finne.