Interessant føredrag om ”Maud” sin heimkomst

100 år etter at Roald Amundsen la ut på sin ”Maud”-ekspedisjon kom skipet endeleg heim til Asker.

Jan Wanggaard har vore prosjektleiar for "Maud returns home" og presenterte eit svært interessant føredrag om prosjektet på Ishavsmuseet fredag.  

Kultur

Fredag var det nærast stappfullt på Ishavsmuseet Aarvak i Brandal, då Jan Wanggaard kom til Brandal for å fortelje om den spektakulære redningsaksjonen som i 2018 endeleg fekk ”Maud” heim til Norge.