Tindekveld på biblioteket

Kultur

I kveld, tysdag, er det forfattarbesøk på Ulstein Bibliotek. Anne-Mette Vibe kjem og held føredraget "Therese Bertheau - tindestigerske og lærerinde". Historia om Therese Bertheau er spennande kulturhistorie og kvinnehistorie. Det var ikkje spøk å klatre med lange, subbande skjørt og med ein liten hatt på hovudet over fjella.

Det er i år 125 år siden Therese Bertheau, som første kvinne besteg Store Skagastølstind i Hurrungane. Tindekvindene Lillian Alice Sætre og Hilde Maria Nicolaisen møtte Anne-Mette i sommar under jubileumsfeiring på Skagastølshytta, der heile 18 kvinner besteg Storen.

Vibe vil halde eit inspirerande føredrag med utgangspunkt i boka si om Yherese Bertheau. Det blir også høve til å kjøpe boka etter føredraget.

Det er Tindekvinnene i samarbeid med Ulstein bibliotek som arrangerer.

Anne-Mette Vibe (f.1945):
- Mastergrad i Physical Education, Colorado
- Amanuensis, Norges Idrettshøgskole,bl.a undervisning i friluftsliv
- Overbibliotekar på Universitetet i Oslo
- Har publisert mange artikler om reiser og fjellvandring, bl.a i Den Norske Turistforening sine årbøker.