Inviterer til polarkveld på Ishavsmuseet fredag:

«I Nansens fotspor»

Vegar Brandal held føredrag under polarkvelden på Ishavsmuseet komande fredag - og startar med det programmet under Hareidsstemneveka.  Foto: Privat.

Kultur

Vegar Brandal, som vaks opp i og framleis bur i Ulsteinvik, er utdanna frå Norges Idrettshøgskule - med blant anna friluftsutdanning.

Friskusen har mellom anna guida nokre turar i Russland og Kirgistan, og på Grønland. Han har også vore på tur med både Cecilie Skog og Truls Svendsen, og både bestefar og oldefar er legendariske ishavsskipperar. Det skriv Ishavsmuseet i ei pressemelding.

Eigne ekspedisjonar

Polarinteressa til Vegar har ifølgje Ishavmuseet utvikla seg med tida. Noko som mellom anna har ført til at han har lagt ut på eigne ekspedisjonar. Under føredraget fredag vil Brandal fortelje om si sjølvopplevde kryssing av Grønland – i foredraget ”I Nansens fotspor”.

Føredraget vil handle om kryssinga av Grønlandsisen frå vest til aust, og litt om førebuingane til dette.

Ruta som dei brukte under turen våren 2011 ligg litt nord om den ruta som Fridtjof Nansen brukte i 1888. Føredraget er lagt opp med bilde og film.

- Det blir garantert eit spanande føredrag som vi gler oss stort til å få ta del i, seier Webjørn Landmark, dagleg leiar ved Ishavsmuseet, og legg til:

- Vegar er ein friskus. Han er glad i naturopplevingar, noko som speglar seg i ulike gjeremål og stunt han utfører på fritida. Ikkje berre trivst 43-åringen i fri og frisk luft; han har også erfaring med å guide andre eventyrlystne under krevjande naturforhold. Han er glad i polarhistorie, og gjennom å ha tileigna seg kunnskap om ulike polarheltar sine bragder, vaks det fram ei eventyrlyst om å få smake på polarnaturen, han også. Is og kulde skulle uansett ikkje vere det største problemet for ein fyr med etternamnet Brandal. Likevel må det seiast, ei kryssing av Grønlandsisen – uansett kva retning det skal vere – er det heller få som maktar å utfordre. Vegar sitt turfølgje (eller ekspedisjon) valde å krysse isen frå vest til aust. Vegar var ein av tre guidar; Cecilie Skog var ein av dei andre guidane. Til saman 12 betalande kundar var med på turen. Publikum får høyre Brandal fortelje om planlegginga og utfordringane på turen. Den visuelle delen av foredraget – som er sett saman av snuttar av levande bilde og fotoseriar signert hovudpersonen sjølv – viser den spektakulære naturen. Både i solskin og i styggevêr. Det var aldri lange pausane. I snitt gjekk laget 35 kilometer per dag.

– Ein kan sjå på det som monotont. Men vi gleda oss over nyansane i landskapet. Dagane då det var strålande sol og ikkje eit vindpust var sjølvsagt heilt ubeskrivelege. Men det var også godt å oppleve at gruppa funka då snøstormen rasa. Høgdepunktet var å sjå fjella den siste dagen. Det var heilt spesielt, seier Vegar Brandal.