Innsendt:

Det handlar om å leve - gi av di tid

Tid er verdifullt! Er du tilstades for deg sjølv eller for andre? Gjev du andre merksemd og får du eigentleg merksemd tilbake? Er vi til stades i dei gode samtalane?

Mange engasjerte: Det er mange engasjerte frivillige på Hareid som er med på å bygge eit godt lokalsamfunn, var tema då Heidi Pedersen Kvalsvik (til høgre) fortalte om arbeidet til Hareid Frivilligsentral. Frå venstre; Synnøve Kibsgaard og Wenche Roppen frå Mental Helse Hareid som arrangerte markering av verdensdagen for psykisk helse søndag ettermiddag på Hareid. 

Kultur

Dette var tema då Mental Helse Hareid inviterte til markering av verdensdagen for psykisk helse søndag ettermiddag på Hadartun, som samla mange som ville vere med på markeringa.

Tema for 2019 er «Gi tid» og har som mål å oppfordre oss til å bruke tid på å gjere ting som er godt for den psykiske helsa. Med seg denne ettermiddagen hadde dei Trude Børjesson Sørdal og Wenche Roppen som hadde fleire innslag med song og Ida Teige på piano. God mat og drikke, loddsal og fine gevinstar til inntekt for Mental Helse sitt vidare arbeid.

Hareid Frivilligsentral sitt arbeid

Heidi Pedersen Kvalsvik, dagleg leiar ved Hareid Frivilligsentral som eigast av Hareid sokn, var spesielt invitert for å fortelle om deira arbeid og dei 90 frivillige – som gir av si tid til andre! Hareid har god kultur for frivillig arbeid. Tilboda via Hareid frivilligsentral er gratis og opne for alle, og blir tilrettelagt for at andre skal kunne gi av si tid til gode formål og dele på si tid med andre. Ein del av det frivillige arbeidet går under ulike turnusordningar.

Bruktbutikken «Brukt & Billig» som drivast av frivilligsentralen, har årleg har eit overskot som delast ut til veldedige formål i heile Hareid kommune. Dei frivillige brukar mykje tid på å drive bruktbutikken, då dei ønskjer å gjere noko godt for andre, og fordi det gir noko verdifullt tilbake i form av å bety noko for andre.

Mange vil bidra for dei eldre på Hareid

Frivilligsentralen har mykje frivillig arbeid på Hadartun, då mange vil bidra for dei eldre. Ein gong i månaden er det eldretreff, då er det mange som bidreg med tilrettelegging mat, andakt, song, musikk, lese dikt, rydding og vask. Og det viktigaste av alt, gode samtalar med dei eldre – for det er god tid til samtalar på eldretreffa. Å skape gode møteplassar med tid til dialog. Her er det godt samspel med Hareid ressurssenter, slik at dei som går på norskopplæring kan få vere med å lære om frivillige arbeid og skape gode lokalsamfunn.

To gongar i månaden går frivillige med ei tralle for sal av varer (frukt, sjokolade, toalettsaker etc.) til dei eldre på Hadartun. Då får dei eldre samtidig nokon å snakke med og helse på. Dette genererer ei kjede av godt engasjement, då det dagen i forvegen er andre frivillige som handlar inn og tilrettelegg for varesalet. Det er og frivillige som har besøksteneste for dei som sitt mykje åleine, her er det behov for fleire frivillige – då det er mange som er einsame og gjerne vil ha besøk av nokon som vil gi av si tid til eit besøk.

Ein gong i månaden er det og bibiliotekteneste for dei eldre på Hadartun, der frivillige har med seg bøker frå biblioteket til utlån.

Det er stort sett damer som er frivillige for dei eldre. Men to gongar i året ordnar karane frå Lions med laurdagskafe for menn på Hadartun. Då kjem dei med bløtkake, musikk og gode samtalar, svært populært og viser at det er behov for møteplassar også for menn.

Frivillige seniorar og nokre ungdommar gir av si tid til seniornett på frivilligsentralen kvar veke, slik at eldre kan lære å bruke mobil eller nettbrett, til dømes for å betale eigne rekningar. Ei dame på 89 år er eit eksempel på at nettbruk kan utvide horisonten, då ho lærte seg å bruke Skype for å holde kontakt med slekt som bur langt unna.

Frivillige tek også del med teneste som høyrselshjelp ein gong i månaden, slik at dei som bruker høyrselshjelpemiddel kan få hjelp med dette. Det kan vere korleis bruke dette, skifte batteri eller liknande.

«Den kulturerelle spaserstokk» gir kulturelle opplevingar for eldre på Hadartun, som og er opne for alle i bygda som ønskjer å ta del. Kommunen søkjer staten om midlar som skal gi kulturelle opplevingar, så tilrettelegg frivilligsentralen arrangementa der frivillige bidreg til å skape gode opplevingar og møteplassar.

Born og unge

Kvar veke er det leksehjelp på biblioteket, der frivillige hjelper til med lekser for barn. Her tek også foreldra til barna del, slik at dei og får lære og bidra med leksehjelp for barna sine. Ofte er dette tilflytta familiar frå andre land. Mange av dei frivillige er pensjonerte lærarar, men det treng det nødvendigvis ikkje vere. Dette tilbodet har også generert til bli-kjent-grupper, som er ein ekstra gevinst i dette tilbodet.

Natteravn er eit mangeårig tilbod som er på fredag kveld, der frivillige foreldre til barn i ungdomsskulen er tilstede i sentrum for å vere voksenkontakt for ungdomane. Det er eit felles ansvar å ta vare på ungdom og vise at vi bryr oss.

Ein føremiddag i veka er det trening og bevegselse på Wellness-senteret, eit samarbeid som starta i fjor der alle som vil kan vere med på lett trening i fellesskap med andre.

Hobbyklubben er eit populært tilbod, 3 timer dagtid tysdag og 3 timer kvar onsdag kveld. Ulike folk i ulik alder møtast med felles interesse for handarbeid. Som gruppe er dette ein fantastisk gjeng, med tillit og omsorg for kvarandre som er heilt unik. Ei slik gruppe skulle alle kunne vore ein del av, noko som styrker kvar enkelt deltakar og også gruppa i si heilheit.

Helse-Norge sitt fokus

Alle aktivitetane som Hareid Frivilligsentral organiserer saman med frivillige berører dei fem punkta som helse-Norge ønskjer å ha fokus på; knytt band, ver aktiv, ver oppmerksam, hald fram å lære og gi tid. Og ikkje minst, arbeidet bidreg til å bygge møteplassar og eit godt lokalsamfunn på Hareid – det er verdifullt og det må vi ta godt vare på!