Stod tradisjonen tru for første songprogram under Hareidsstemna:

Song ved bysta av Johan H. Grimstad

Songen ved bysta av Johan H. Grimstad er tradisjonen tru det første songprogrammet under Hareidsstemna. Også i år stilte Hareid blandakor opp - og song flott.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Kultur

Dirigent Kjell Grimstad leia Hareid blandakor stødig, i sitt 88. leveår, og koret byrja med "Heimbygd", som Johan H. Grimstad både har forfatta teksten og sett tone til. Dei heldt så fram med "Å eg veit meg eit land", eller også mykje brukt som namn på songen "Barndomsminne frå Nordland", av Elias Blix.