CorSonus song seg til andreplass i NM for kor:

- Vi er veldig godt fornøgde

CorSonus på scena under NM for kor i Trondheim.  Foto: Gunn Marthe V. Pieroth.

CorSonus etter konkurransen - godt nøgde!  Foto: Julie Sjåstad.

Kultur

Det blei ikkje ein repetisjon av NM for to år sidan, der CorSonus gjekk heilt til topps i opa klasse A. Men, koret imponerte like fullt stort, og fekk ein solid poengsum.

- Det blei ein andreplass - og vi er veldig godt fornøgde med det, seier leiar for CorSonus, Hege Holstad, til Vikebladet Vestposten.

Det var vokalgruppa Femme som fekk førsteplassen i opa klasse A under årets NM. CorSonus konkurrerte mot totalt fire andre kor i sin klasse. Femme fekk 89.29 poeng og CorSonus fekk 87.88 - som er ein veldig god poengsum.

- Ekstra spent var vi nok kanskje i år om vi klarte å «forsvare» det gode resultatet vi fekk sist.

- Kjekt å høyre at vi er eit kor med stort potensiale

Dirigent Iris Kristine Tangen seier ho er veldig fornøgd med årets NM resultat.

- Vi fekk gode tilbakemeldingar frå dommarane. Både i høve klang, dynamikk, intonasjon, innleving og formidling av stemning. Mykje av dette har vi hatt fokus på fram mot konkurransen, og då er det sjølvsagt ekstra kjekt å få høyre at vi har fått til nettopp dette. Vi fekk også tilbakemeldingar på kva vi kan jobbe med vidare, og det tek vi sjølvsagt med oss for å utvikle oss vidare.

- Og så er det sjølvsagt ekstra kjekt å høyre at vi er eit kor med stort potensiale, seier Tangen med eit smil om munnen.