Klaverkonsert på Hareid sitt nye konsertflygel:

– Eit internasjonalt toppinstrument

Hareid har fått eit konsertflygel ein kan vere svært stolte av. Søndag spelte det hovudrolla i ein fantastisk klaverkonsert på Hareid bedehus.

Nytt og gamalt: Konserten vart avslutta på to instrument, med Tatia Chikovani på det nye konsertflygelet, medan Wolfgang Plagge trakterte det gamle. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes. 

Kultur

Reaksjonane etter konserten lét ikkje vente på seg. Då Wolfgang Plagge steig inn att i konsertlokalet etter at siste finger hadde forlate tangentane, flokka tilhøyrarane rundt han. Både for å rose den dyktige pianisten, men også for å få med seg minne i form av bilete saman med Plagge.