Jazz og koral i Ulstein kyrkje førstkomande søndag

Tradisjon: Jazz & Koral klar for ny konsert i Ulstein kyrkje søndag 3. november 

Jazz & Koral vart starta opp i 2007. Dette biletet er frå 2017.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Kultur

Jazz & Koral er, tradisjonen tru, tilbake i Ulstein kyrkje, denne gongen saman med gjestesolist Rolf Magne Tømte. Jazz & Koral hadde sin fyrste konsert i Ulsteinvik i 2007 som eit prosjekt. Denne var svært vellukka og Jazz & Koral må kunne kallast ein suksess etter fleire vellukka kyrkjekonsertar i Ulsteinvik, Spjelkavik, Fosnavåg, Larsnes, Voldsdalen, Sjøholt, Sæbø, Volda og Valderøya.

No er Jazz & Koral klar for ny konsert i Ulstein kyrkje søndag 3. november. Jazz & Koral byd på ein variert konsert med utgangspunkt i salmar og gospelinspirerte songar.


Allehelgenskonsert med Jazz & Koral og Corsonus

Til trøyst og ettertanke

Publikum vart mektig imponerte over kva dei fekk høyre i Ulstein kyrkje sundagskvelden.


Musikarane i Jazz og Koral er godt kjende i det lokale musikkmiljøet:

Ståle Helvig og Rune Ertesvåg let dei to svært ulike instrumenta kyrkjeorgel og gitar møte kvarandre for nye tolkningar av nokre av våre mest kjære salmar. Resultatet er variert – noko er så vart som svartestilla medan andre gongar vert det mektig, inderleg, suggerande og rått med fuzzgitar og full pedal på orgelet.

Ann Cesilie Skundberg er gruppa sin faste vokalist. Ho har lang fartstid som vokalist og har stor vokal spennvidde. Ho meistrar det sakrale i salmar, sjelfull song i jazz-, soul- og gospelsjangeren.

Bertil Tødenes og Jan Thormodsæter utgjer denne gongen kompet i Jazz & Koral, og Bjørnar Hovlid trakterer pianoet.

Gjestesolist i år er Rolf Magne Tømte. Rolf er mykje brukt solist i området her, og er utdanna lærar med mellom anna bachelor i musikk frå Høgskulen i Volda.

Konserten vil bli ei reise frå det sakrale til det mektige, frå det klassiske via folketonen til New Orleans, og vil gje rom for både glede og ettertanke.