Ynskjer seg nytt piano til jul

Det er ikkje få salmar som har tona ut frå pianoet i Ulstein kyrkje, men no kan det hende instrumentet syng på siste verset.

Nytt piano: Kyrkjeverje Christfried Kaul (t.v.) og kantor Ståle Helvig i Ulstein sokn meiner det gamle pianoet i kyrkja er klart for utskifting. - Kyrkja er ein stad dei fleste er innom, uansett kva tru ein har, så dette er eit tiltak som kjem svært mange av innbyggarane i soknet til gode, seier banksjef Ellen Kvalsund i Sparebanken Møre som er med å gi støtte til innkjøp av eit nytt instrument. 

Fleire musikarar kvir seg for å halde konsertar i Ulstein kyrkje nettopp på grunn av pianoet.

Kyrkjeverje Christfried Kaul
Kultur

– Mekanikken tek til å verte sliten og instrumentet har sine avgrensingar når det gjeld klang. I tillegg ser pianoet slite ut, med diverse skadar i overflata etter 41 års bruk, seier kantor i Ulstein sokn, Ståle Helvig.

Då pianoet vart innkjøpt på slutten av 70-talet var det eit framifrå instrument og det har tent kyrkja godt. Men no meiner kantor Ståle Helvig at pianoet er i ferd med å synge på siste verset, i alle fall som kyrkje- og konsertinstrument.

– Mange kvir seg

Han fortel at fleire musikarar kvir seg for å halde konsertar i Ulstein kyrkje nettopp på grunn av pianoet.

– Ulstein kyrkje er godt eigna til konsertar elles, men pianoet gjer det lite freistande til å halde konsertar i samband med til dømes Sunnmøre Kammermusikkfestival, supplerer kyrkjeverje Christfried Kaul.

Pianoet dei har sett seg ut er av ypparste klasse, eit Steinway med innebygd klimaanlegg som gjer at instrumentet taklar svingingar i temperatur og fukt på ein betre måte.

Dette er naturlegvis ikkje gratis. Eit nytt piano kjem på rundt 380.000 kroner inklusive moms.

Ståle Helvig meiner at kyrkjepianoet må vere eitt av dei mest brukte pianoa i heile Ulstein. Kantoren sjølv sparer ikkje på kreftene når han trakterer tangentane, men avviser at det er dette som har slite ut instrumentet. Han meiner at eit piano skal tole litt juling, men 41 år med aktiv bruk har sett sine spor.

Har gitt 100.000

Sparebanken Møre har gått inn og løyvd 100.000 kroner som skal gå til innkjøp av nytt piano.

– Vi ønskjer å støtte dette tiltaket av di det er noko som kjem dei fleste innbyggjarane til gode. Uavhengig av kva tru du har, så vil du på eit eller anna tidspunkt vere i kyrkja, anten det er i eit bryllaup, ei gravferd, ein konsert eller på ei gudsteneste, seier banksjef Ellen Kvalsund ved Sparebanken Møre i Ulsteinvik.

Ulstein sokn inviterer no innbyggjarane i Ulstein til å vere med å spleise på nytt piano.

– Vi har oppretta eit eige VIPPS-nummer for dette prosjektet, opplyser Christfried Kaul. I tillegg vil overskotet frå konsertane i kyrkja i tida framover gå til nytt piano.

Første konsert ut er den årlege «Jazz & Koral» førstkomande søndag.

Dersom givargleda er stor, håper kantoren at pianoet vil vere på plass i kyrkja til jul.

– Det hadde vore utruleg flott om det kunne takast i bruk allereie under julenattineen den 22. desember, seier Helvig.