Årets utgåve av Levd Liv er i handelen

Om krig og kjærleik og gamle lastebilar

Han overtok aldri bokhandelen etter faren. Arthur Osnes miste livet då flyet han var i vart skote ned over Tyskland 22. september 1943.

Levd Liv Leiar i redaksjonsnemnda Aksel Hauge og årsskriftredaktør Magne Grimstad jr. framfor huset i Kyrkjegata i Ulsteinvik der Arthur Osnes vaks opp. Her dreiv far hans, Gustav Osnes, bokhandel.  Foto: Jorulf Myrene

Kultur

Arthur Osnes var berre 17 år då han klatra ut vindauget medan foreldra sov og kom seg om bord i M/B Ulstein. Den vesle fiskebåten låg klar ved kaia i Ulsteinvik, klar til å setje kursen mot Shetland.

Draumen til den unge guten var å verte flygar.

Artikkelen «Arthur Osnes i krig og kjærleik» er ein av 16 artiklar i årets utgåve av Ulstein historielag sin bokserie, «Levd liv». Det er i år 15. gongen årsskriftet kjem ut.

– Femten årgangar med rundt femten artiklar i kvar utgåve. Det vert nokre historier til saman, konkluderer leiaren i redaksjonsnemnda for «Levd Liv», Aksel Hauge.

Årsskriftet sin redaktør, Magne Grimstad jr., er full av lovord når det gjeld trotten til Hauge.

– Aksel er på plass med ei liste over aktuelle artiklar til neste års utgåve, allereie før årets «Levd Liv» har kome att frå trykkeriet, rosar han.

Både Hauge og Grimstad er mellom artikkelforfattarane i årets utgåve. Aksel Hauge har mellom anna skrive om Arthur Osnes, ei historie som er både dramatisk og romantisk. Magne Grimstad jr. skriv om IL Hødd. noko som sjølvsagt er på sin plass ettersom idrettslaget fyller 100 år i år.

– I samband med jubileet har vi valt blå farge på omslaget i år, seier Grimstad.

Men som vanleg har redaksjonskomiteen freista å femne om alle krinsane i Ulstein når det gjeld stoff. Det er stor variasjon i emna som vert tatt opp, frå eldre tiders posthistorie til lastebilar. Eit personportrett av Marit Høyvik Ulstein finn vi også. Johan von Cappelen og Inge Dragsund er andre personar vi får verte betre kjende med. Boka presenterer også dei mange bygdesongane vi finn i Ulstein. Det er fleire av desse enn vi kanskje skulle tru.