Fire mannskor & damer feira Ulstein mannskor

Mannskorsongen stod i sentrum då Ulstein mannskor søndag kveld heldt kor-kalas i Sjøborg for å markere at det er 135 år sidan koret starta i 1884, med Rasofiel Rise som første dirigent.

Ulstein mannskor (dir. Robert Skeide) i fine dressar som 135-åringar. 

Kultur

Fire mannskor og eit damekor deltok. Konserten vart avslutta ved at hundre mannskorsongarar fylte Sjøborg-scena for å framføre korklassikarane «Lova Herren mi sjel», «Sunnmøre», «Norges fjelde» og «Naar fjordene blaaner».