Den store kinodagen vart ein suksess!

Her gler store og små seg til å sjå "Kaptein Sabeltann og Den Magiske Diamant". 

Scene frå "Bygda som gløymde at det var jul".  

Kultur

Sist laurdag var det Den store kinodagen. Tradisjonen tru vart dette også markert på Sjøborg kino.

Sjøborg kino viste sju filmar, heile fem av desse barne- og familiefilmar. Publikum viste at dei sette pris på tilbodet! Det var fulle salar og glade folk frå morgon til kveld.

Det var film til ½ pris, fine premiar til heldige vinnarar frå filmbyråa og gratis kinogodteri frå leverandør.

Sjøborg kino enda opp med nesten 600 besøkande, noko som er opp i mot det maksimale med berre ein sal på ein dag, - det er vi svært fornøgde med, kommenterer kinosjef Kristine Brungot.

Det var elles ekstra stas å ha førpremiere på årets store julefilm for heile familien – Snekker Andersen: Den vesla bygda som glømte at det var jul. Denne filmen gir garantert den gode julestemninga både for små og store, og sjølv om det er ei stund til jul, er det fint å kunne vise denne heile november og desember, og slik få vist den til alle som vil sjå den, synest kinosjefen.

Det er mykje å sjå fram til på kino framover mot jul, og ikkje årets store julefilmar Frost 2, Cats og Tunnelen, avrundar kinosjefen.