Førstkomande laurdag:

Davy Wathne til Brygga Sportsbar

Davy Wathne, her med Thomas Teige Sporsheim, kjem til Brygga Sportsbar førstkomande laurdag for å køyre eige sportsstudio - med spesielt inviterte gjestar - inkludert nemnde Teige Sporsheim.  Foto: Privat.

Kultur

Den tidlegare TV2 Sporten-profilen gjennom mange år, Davy Wathne, kjem på besøk til Brygga Sportsbar i Ulsteinvik førstkomande laurdag.

Der blir han ein del av det Brygga kallar for «Super Laurdag», der kampane Bournemouth - Liverpool og Manchester City mot Manchester United skal visast.

Davy skal nemleg ha eit eige sportsstudio - med Erika Skarbø, Kjetil Hasund, Knut Ertesvåg og Thomas Teige Sporsheim i panelet.

- Dette håper vi blir nok ein suksess, slik "Foppal"-showet med Jamel Rake og Bernt Hulsker også blei. Mange har alt sagt seg interesserte i å kome, og vi håper sjølvsagt det blir godt med folk som tek turen til Brygga. Dette blir veldig kjekt, seier medeigar Geir Sundal til Vikebladet Vestposten.

Når ein kjem litt seinare på kvelden blir det quiz.