Rette svar og namn på vinnarar

Adventskalenderen til Vikebladet Vestposten er no avslutta. Ei rask oppteljing viser at det kom inn godt over 1100 svar. Vi takkar for engasjementet og gratulerer dei 24 vinnarane!

Margit Lovise Holte er sokneprest i Ulstein.  Foto: Linda Eikrem

Kultur

Luke 24

Til og med på sjølve julaftan tok svært mange seg tid til å delta i konkurransen. Og stemma bak den 24. luka baud tydelegvis ikkje på dei store problema, for svara var nesten utan unnatak rette.

Det var sjølvsagt soknepresten i Ulstein, Margit Lovise Holte, som snakka.

Det visste mellom andre Bjarte Sunde frå Hareid- som er trekt ut som vinnar. Gratulerer så mykje!

Premien for 24.desember er eit digitalt årsabonnement på Vikebladet Vestposten.

Her kan du lese meir om Margit Lovise Holte:


Samlar inn mat og julegåver til dei som treng det:

– Behovet for hjelp er større enn på lenge



Jubileumsboka til Ulstein kyrkje er ferdig

– Forteljinga om kyrkja er forteljinga om oss


Luke 23

På vesle julaftan var det tydeleg at lesarane våre var i skikkeleg villreie. Det dukka opp forslag om Ståle Helvig, Bjørn Losvik, Odd Kulø, Karsten Melø og Nils Arne Skagøy- så vi følte vi måtte gå inn med eit lite hint om at vedkomande som snakka vanlegvis går i uniform.

Då rausa det inn med rette svar: lensmann i Ulstein og Hareid, Hans-Eirik Pettersen.

Lensmann i Ulstein og Hareid, Hans-Eirik Pettersen.  Foto: Linda Eikrem



Det var Greta Aurvåg frå Garshol som var trekt ut som vinnar. Vi gratulerer så mykje!

Premien for 23. desember er ein EU-kontroll for personbil hos Motorhuset i Ulsteinvik.

Her kan du lese meir om Hans-Eirik Pettersen:





Luke 22

Oppgåva 22. desember baud ikkje på store problem, for her var det stort sett berre rette svar: det var Anne Gry Eilertsen, tidlegare journalist og redaktør i Vikebladet Vestposten, som snakka om julematen sin.

Anne Gry Eilertsen var stemma bak luke 22.  Foto: Arkivfoto: Jourlf Myrene

Vi har trekt ut Ronny Hasund på Ulstein som vinnar. Gratulerer!

Premien for 22.desember er ein Goebel-engel frå PF Waage i Ulsteinvik.

Her kan du lese meir om Anne Gry Eilertsen:


Mot ein lågare puls

I dag startar pensjonisttilværet for Anne Gry Eilertsen. Etter 44 år i avisbransjen hadde ho i går sin aller siste formelle arbeidsdag.


Luke 21

Mannen bak luka 21. desember har tydelegvis ei kjend stemme, for dei aller fleste sende inn rett svar.

Det var sjølvsagt Anders Riise frå Hareid som prata. Han er Høgrepolitikar og var ordførar i Hareid kommune frå 2011 til hausten 2019. No er han fylkespolitikar. Han er også leiar i fotballgruppa i Hareid IL.

Anders Riise var rett svar i luke 21.  Foto: Arkivfoto: Ole-Ottar Høgstavoll

Denne dagen vart Cecilie Skeide frå Hareid trekt ut som vinnar. Vi gratulerer!

Premien for 21. desember er ein Willow Tree-figur frå Ringstad Blomster i Ulsteinvik.

Her kan du lese meir om Anders Riise:






Konstituerande møte i gang på Hareid rådhus:

Brandal og Brandal blei ordførar og varaordførar


Luke 20

Dei aller fleste foreslo rett namn i luka 20. desember, men nokre meinte det var Andrea Øien Sæverud eller Lidun Hareide som prata om at ho vekslar mellom kalkun og pinnekjøt som julemat.

Det rette svaret var Marie Flatin, som er ungdomsarbeidar og MOT-koordinator i Ulstein kommune.

Marie Flatin var rett svar i luke 20.  Foto: Privat

Vi har trekt ut Leo Kristoffersen frå Ulsteinvik som vinnar. Gratulerer!

Premien for 20.desember er lue og to par ull-lestar frå Sport1 på Hareid.

Her kan du lese meir om Marie Flatin:


Innsendt:

Inviterer til ungdomshelg med gratis aktivitetar

Kunst, yoga, kampsport, bading med meir. Bell Ungdomsklubb inviterer til mange gratis aktivitetar fredag og laurdag. Tilbodet er for ungdom frå 7. klasse til 18 år.



Gjensidigestiftelsen gir over 1,3 millionar kroner til «Ung arena på Ulstein Arena»:

– Dette var veldig, veldig kjekt

Fredag blei det delt ut ei ekstra fin julegåve knytt til satsinga på ungdommane i Ulstein kommune. Gjensidigestiftelsen støttar nemleg prosjektet «Ung arena på Ulstein Arena» med over 1,3 millionar kroner.



Skjelven prisvinnar

Marie Flatin fekk "Kvinneprisen" under markeringa av den internasjonale kvinnedagen på Sunnmøre Folkehøgskule.


Luke 19

Deltakinga var stor også 19. desember, og mellom forslaga var namna Kristian Fuglseth, Leidulv Grimstad, Dagfinn Snipsøyr, André Aurvåg Gardshol, Karsten Warholm og Per Dimmen.

Men det rette namnet var sjølvsagt Arve Hatløy frå Dimnøya, mangeårig trenar i Dimna IL.

Arve Hatløy i Dimna IL.  Foto: Arkiivfoto: Andreas Steinnes Bjerknes

Mellom dei svært mange med rett svar, har vi trekt ut Toralf Muren i Ulsteinvik som vinnar. Gratulerer!

Premien for 19. desember er ei gåvepakning til dame frå Skin Tonic i Ulsteinvik.

Her kan du lese meir om Arve Hatløy:


Sjå stor bildeserie frå Sparebanken Møre-leikane i Ulsteinhallen:

Ny kretsrekord for senior i stav og landets beste tid på 60 meter i J13-klassa



Kva gjer at born og unge sluttar med idrett?

Arve Hatløy trur ikkje Karsten Warholm ville blitt verdsmeister om dei hadde følgt råda frå ekspertane då han var tidleg i tenåra.


Luke 18

Det mangla ikkje på forslag på namn bak stemma 18. desember. Kunne det vere Ingrid Falck, Eldrid Gryt Grimstad, Solfrid Ballo, Heidi Lunde Øvereng, Peggy Paulsen, Karin Røyset eller Renathe Rossi Kaldhol?

Nix.

For det var Bente Andreasssen Pilskog som var det rette svaret. Ho er kyrkjeverje i Hareid og kjem opphavleg frå Vesterålen.

Bente Andreassen Pilskog er kyrkjeverje i Hareid.  Foto: Arkivfoto: Ole-Ottar K. Høgstavoll

Mange hadde rett svar, og vi har trekt ut Ann Helen Grimstad Worren på Hareid som vinnar. Gratulerer!

Premien for 18. desember er salt- og peparbøsse i sølvplett frå B. Sunde i Ulsteinvik.

Her kan du lese meir om Bente Andreassen Pilskog:


Laurdagspraten:

– Eg likar å bringe folk saman

Bente Andreassen Pilskog tok nyleg til som kyrkjeverje i Hareid Sokn, og er med i arbeidsgruppa som arrangerer Opplev Hareid.



Hareid kyrkje er open att etter omfattande renovering. Sjå bildeserie:

– Ei sann glede å ta i bruk kyrkja igjen


Luke 17

Det var ingen ting å utsetje på engasjementet rundt den syttande luka, for det hagla inn med svar- mange feil og endå fleire rette.

Nokre foreslo at det var Alv Ottar Folkestad, Geir Idar Knotten, Øystein Liavåg, Kjarten Magne Solevåg, Svein Børre Dimmen, Eivind Åge Myrene, Paul Sandanger, Stig Grimstad og Harald Sætre som skjulte seg bak den djupe mannsrøysta.

Men det rette namnet er sjølvsagt Torgeir Hauge, som er rektor på Hareid musikk- og kulturskule.

Mellom dei mange med rett svar, vart Bjørn Skoge frå Gursken trekt ut som vinnar. Gratulerer!

Premien for 17. desember er eit goro-jarn frå Elon på Hareid.

Her kan du lese meir om Torgeir Hauge:


Mange stjerner skein i kyrkja

Mange dyktige talent fekk vist seg fram i Hareid kyrkje onsdagskvelden.



Skal bli kulturskulelærar i musikkproduksjon til hausten:

– Dette er eit steg i rett retning for kulturskulen

Svenning Veiseth frå Brandal har gått på kulturskulen på Hareid sidan han var seks år, men skal til hausten verte lærar i musikkproduksjon ved kulturskulen.



Luke 16

Det var veldig mange som sende oss rett namn bak stemma i luke seksten.

Nokre foreslo Anne Gry Eilerten, Hege Tretnes og Margaret Alme, men det einaste korrekte svaret er Linda Haddal Røssevoll, som er direktør på Melshorn Hotell på Hareid.

Linda Haddal Røssevoll er direktør på Melshorn Hotell på Hareid.  Foto: Arkivfoto: Linda Eikrem

Mellom dei med rett svar, vart Bodil Mork i Ulsteinvik trekt ut som vinnar. Vi gratulerer!

Premien for 16. desember er eit Nathan drikkebelte frå G-sport i Ulsteinvik.

Her kan du lese meir om Linda Haddal Røssevoll:


Føreslår å byggje om hotellet til helsehus

Initiativtakarane meiner ei vidareutvikling av hotellbygget på Hareid bør vurderast som alternativ til nytt helsehus, og meiner kommunen kan spare rundt 25 prosent på utbygging her, i høve tomta som politikarane har gått inn for.



Laurdagspraten:

Sterk av motgang

– Eg har heldigvis godt sovehjarte. Det har kome godt med, seier Linda Haddal Røssevoll (48). Hotelldirektøren på Hareid vart landskjend då ho i slutten av april avslørte ein storsvindlar.




Luke 15

Oj, stemma i luka femten var det ikkje mange som klarte å ta!

Det kom inn berre åtte svar totalt- og av dei var det berre fire som gjetta rett: den som snakka om mør frå Bjorli og pinnekjøt frå Ringdal, var direktør på hotellet i Ulsteinvik: Erik Mathias Lystad.

Erik M. Lystad er hotelldirektør i Ulsteinvik.  Foto: Linda Eikrem



Andre forslag var Peter Flem, Jan Oddvar Ramstad og Ole Andre Småge.

Peter Ulstein Vattøy frå Ulsteinvik er trekt ut som vinnar 15. desember. Vi gratulerer!

Premien for 15. desember er eit Arts & Crafts-smykke frå E-Design på Hareid.

Her kan du lese meir om Erik Mathias Lystad:




Samlar inn mat og julegåver til dei som treng det:

– Behovet for hjelp er større enn på lenge



Luke 14

Ho har ein fot i både Hareid og Ulstein, kvinna bak stemma i luka for 14. desember.

Veldig mange tippa at det var Annika Brandal som snakka, og det er heilt rett. Andre forslag var Kjersti Kleven, Beate Muren og Kari Riise.

Annika Brandal  Foto: privat

Mellom dei svært mange med rett svar, vart Liv Karin Haddal frå Hareid trekt ut som vinnar. Gratulerer!

Premien for 14. desember er to kinobillettar på Sjøborg, Ulsteinvik.

Her kan du lese meir om Annika Brandal, som er varaordførar i Hareid og kulturkonsulent/driftsleiar anlegg i kulturavdelinga i Ulstein kommune:


Konstituerande møte i gang på Hareid rådhus:

Brandal og Brandal blei ordførar og varaordførar





Luke 13

Svært mange drog kjensel på stemma i den trettande luka.

Nokre foreslo Øystein Liavåg og Steinar Torvik, men rett svar var sjølvsagt Erling Hareide. Han driv Sport1-butikken på Hareid.

Erling Hareide driv sportsbutikke på Hareid  Foto: Arkivfoto

Vi har trekt ut Åse Kristensen Pilskog frå Hjørungvåg som vinnar. Gratulerer!

Premien for 13.desember er eit skjerf frå Overvaag i Ulsteinvik.

Her kan du lese meir om Erling Hareide:


Sportssenteret blir nytt

Blir Sport 1 Hareid.



Luke 12

Stemma bak luka 12. desember er tydelegvis kjent for mange, for det kom veldig mange svar.

Nokre foreslo Britt Janne Brandal og Trine Angelsen, men det rette namnet er sjølvsagt Karin Svendsen Holstad- også kjent som "Statoil-Karin" og "Bitten". Holstad driv bensinstasjonen Circle K på Hareid.

Mellom alle dei med rett svar, vart Elise Elvebu frå Hareid trekt ut som vinnar. Gratulerer!

Premien for 12.desember er ei HydroFlask frå Intersport i Ulsteinvik.

Her kan du lese meir om Karin Svendsen Holstad:


Turistkontor på Hareid

– Ein god start



Circle K ber inn til fest

– Eg ser berre fordelar, kommenterer Karin Svendsen Holstad om omlegginga av stasjonen frå Statoil til Circle K.


Luke 11

Det hagla ikkje akkurat inn med svar på utfordringa 11. desember: oppteljinga viser rundt tjue rette svar.

Namn som Endre Johan Ose, Øyvind Amdam, Svein Arne Orvik og Ottar Grimstad vart foreslått- men vi noterer berre Verner Larsen som korrekt svar. Han er kommunedirektør (tidlegare rådmann) i Ulstein kommune.

Kjønnsnøytralt: Ulstein kommunestyre har vedteke at Verner Larsen frå no av skal titulere seg som kommunedirektør. Dette er i tråd med innstillinga frå dåverande rådmann Verner Larsen.  Foto: Jorulf Myrene

Mellom dei med rett svar, vart Stian Lehmann Scheide i Ulsteinvik trekt ut som vinnar. Vi gratulerer!

Premien for 11.desember er to badebillettar til Ulsteinbadet.

Her kan du lese meir om Verner Larsen:






Luke 10

Stemma i videoen 10.desember viste seg å vere ei utfordring.

Det var fleire som foreslo Erika Skarbø og Birgitte Lovise Urke, men det rette svaret var Aurora Dimmen Bratli.

Ho er lærarstudent på Høgskulen i Volda, sit i Ulstein kommunestyre for Arbeidarpartiet og ho er involvert i prosjektet «Ung arena på Ulstein Arena».

  Foto: Linda Eikrem

Mellom dei som svarte rett, vart Karoline Skeide Gundersby i Oslo trekt ut som vinnar. Vi gratulerer!

Premien er eit gåvekort frå Amfi i Ulsteinvik.

Her kan du lese meir om Aurora Dimmen Bratli:





Luke 9

Det kom fleire tital svar 9. desember, og svara var nesten utan unnatak rette.

Det var sjølvsagt brannsjef i Hareid og Ulstein, Olav Helt Brubakk, som skjulte seg bak luke 9.

Olav Helt Brubakk er brannsjef i Hareid og Ulstein.  Foto: Linda Eikrem

Karen Strand i Ulsteinvik er trekt ut som vinnar. Vi gratulerer!

Premien for 9.desember er ei gåvepakning frå Wella, gitt av Top Fix på Hareid.

Her kan du lese meir om brannsjef Brubakk:


Laurdagspraten:

Helt sjef

Olav Helt Brubakk tok frå nyttår av til i stillinga som 100 % brannsjef for Hareid og Ulstein.



Branntilsyn i Selvågtunnelen:

– Dette er rett og slett ikkje bra nok



– Naudnettet i Ulsteinvik er for dårleg og ustabilt

Brannsjef i Hareid og Ulstein, Olav Helt Brubakk, fortvilar over at naudnettet er dårleg og ikkje til å stole på i Ulsteinvik sentrum.


Luke 8

Oppgåva 8. desember baud ikkje på store problem, skal vi tolke talet på svar og ikkje minst talet på rette svar.

Dei aller fleste høyrde at det var André Nevstad som prata om julemiddagen sin og også avslørte at han må ha ketchup til ribba.

Andre forslag var Knut Erik Engh, Leidulv Grimstad og Leiv Bjørndal.

Nevstad er nok mest kjend som spelar og tilsett i Hødd, men jobbar no i Sparebanken Møre.

André Nevstad  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Mellom dei svært mange med rett svar, har vi trekt ut Oddveig Randi Håbakk frå Hareid som vinnar. Gratulerer!

Premien for 8. desember er ei pute med julemotiv frå Laila Tekstil & Interiør i Ulsteinvik.

Her kan du lese meir om André Nevstad:





Luke 7

Laurdag 7. desember hagla det inn på svar på konkurransen- og dei aller fleste hadde rett. "Eg trengde ikkjs sjå filmen eingong, golvet og skona fiksa biffen", skriv ein av dei som sende rett svar.

Det kom forslag om både Johannes Alme, Kristian Fuglseth, Einar Vik Arset og Harald H. Rise- men det rette svaret var sjølvsagt Johannes Christian Riise, mest kjent som Johs Riise. Han driv butikken T. Riise på Hareid.

Johs Riise (arkivbilde)  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Mellom dei mange med rett svar, har vi trekt ut Ernst Bigset frå Hareid som vinnar. Gratulerer!

Premien for 7.desember er ei Bystrikk-bok frå Trådkråa på Hareid.

Her kan du lese meir om Johs Riise:




Laurdagspraten

Med kjøpmannsblod i årene

Johs. Riise har lagt bak seg ei travel veke med oppussing av butikken og nyopning for å feire at det er 20 år sidan T. Riise flytta inn i «nyhuset».


Luke 6

Dei aller fleste klarte å høyre kven som snakka i luka for 6. desember.

Det kom rett nok fleire forslag om Ann Lisbeth Giske Flem, og nokre meinte stemma tilhøyrde Line Urke, Trine Leine eller Barbro Landmark.

Det rette svaret var Greta Overvåg, som driv klebutikken Overvåg i Ulsteinvik.

I fjor feira Overvåg-butikken seksti år. Ragnhild Overvåg, dotterdottera Beate og dottera Greta er alle kremmarar, og no er det tredje generasjon som snart tek over butikken.   Foto: Arkivfoto. Ole-Ottar Høgstavoll

Mellom dei med rett svar, er Linda Longva i Ulsteinvik trekt ut som vinnar. Gratulerer!

Premien for 6. desember ei gåvepakning til herre frå Skin Tonic på Blåhuset i Ulsteinvik.

Her kan du lese meir om Greta Overvåg:


Overvåg feirar 60-årsjubileum torsdag, fredag og laurdag denne veka:

Handel i tre generasjonar Overvåg

6. november 1958 starta Ragnhild og Ingolf Overvåg det som i dag er ein av Norges mest lønsame klesbutikkar. Overvåg har vore ein del av Ulsteinvik si historie dei siste 60 åra, og gjer det framleis godt.



Grethe-Karin Moldskred samlar inn pengar til Barnekreftforeninga i Møre og Romsdal:

– Eg er rørt til tårer

På kort tid har Grethe-Karin Moldskred samla inn nærare 100.000 kroner til Barnekreftforeninga i fylket. Dei skal barnebarnet Siri-Lill overrekke under julelunsjen på Color Line Stadion 2. desember.



Luke 5

Det tikka inn veldig mange svar på stemma 5.desember.

Dei aller fleste gjetta rett, men det var nokre som foreslo Odd Arne Vikebakk, Hans Gisle Holstad, André Røyseth, Olav Flø og Einar Magne Skeide.

Det rette svaret var Knut Erik Engh, som er ordførar i Ulstein. Etter lokalvalet i haust starta han på sin andre periode som ordførar.

Knut Erik Engh, ordførar i Ulstein 

"Eg såg på føtene kven det var", skriv ein av konkurransedeltakarane til oss.

Mellom dei mange med rett svar, vart Margrethe Longva frå Hareid trekt ut som vinnar.

Premien er ein poleringsvask hos Circle K på Hareid. Gratulerer!

Her kan du lese meir om Knut Erik Engh:


Vi møtte attvald Ulstein-ordførar Knut Erik Engh (Frp):

– Det var veldig godt å få bekrefta at det vi har gjort har vore bra


Luke 4

Stemma bak luke 4 var det ikkje så veldig mange som klarte.

Det mangla ikkje på forslag: Kjersti Kleven? Marita Skorgen? Lisa Mari Breivik Anderson? Marianne Breivik?

Det var ingen av dei, for det rette svaret er Sigrid Jønsson, som driv Trådkråa på Hareid.

Sigrid Jønsson Trådkråa Hareid.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Mellom dei som svarte rett, vart Hege Tretnes frå Hareid trekt ut som vinnar. Vi gratulerer!

Premien er ei nissejente med lyslykt frå Nordlys Design i Ulsteinvik.

Her kan du lese meir om Sigrid Jønsson:


Har bestilt inn produkt til ein ny generasjon strikkarar - og oppmodar til meir lokal handel:

- Eg måtte gjere noko i høve konkurransen frå nettbutikkane



Miljøgateprosjektet på Hareid er over tre månader på overtid – butikkane blir tidvis sperra inne:

– Føler kommunen fråskriv seg alt ansvar



Mange vil strikke Brandalskofta:

Oppdaga koftemønsteret heilt tilfeldig

Oppskrifta er femti år gamal. Nyleg dukka koftemønsteret «Brandal» opp igjen.


Her finn du oppgåva for 5. desember.


Luke 3

Responsen var overveldande- og dei aller fleste av dei meir enn 100 svara, hadde heilt rett.

Nokre foreslo Alv Ottar Folkestad og Arne Runar Vik, men mannen bak stemma i videoen var sjølvsagt Odd Kåre Wiik.

Wiik er avdelingsleiar for drift og anlegg i Ulstein kommune, og er kjend for å vere eit muntrasjonsråd på kommunehuset.

  Foto: Linda Eikrem

Mellom alle dei rette svara, vart Marta Tveit Meinseth i Ulsteinvik trekt ut som vinnar. Ho fortel at ho med ein gong høyrde at det var Odd Kåre som snakka.

Premien er eit gåvekort frå T.Riise på Hareid.

Her kan du lese meir om Odd Kåre Wiik:





Luke 2

Personen bak luke 2 var tydelegvis ei lita nøtt, for det var ikkje så mange lesarar som torde å foreslå eit namn.

Vedkomande fortalde at ho har adoptert norske juletradisjonar og julemat, men at familien også feirar katolsk jul.

Det kom forslag om Nataliya Overå, Anne Liandri, Nadia Demirova, Zari Demirova og Hannelore Måseide. Det var ingen av dei.

Det rette svaret var Vedrana Terzic. Tidleg i år vart ho tilsett som prosjektleiar for «Ung arena på Ulstein Arena», som er eit samarbeid mellom Frivilligsentralen, Ungdomsklubben Bell og Ulstein bibliotek – og som rettar seg mot ungdom i alderen 13–18 år. Veldig mange kjenner henne også frå handballmiljøet i Hødd.

Vedrana Terzic var stemma i luke 2 i adventskalenderen.  Foto: Arkivfoto: Ole-Ottar Høgstavoll

Mellom dei som sende rett svar, vart Sol-Gitte Moldskred Veiseth frå Haddal trekt ut som vinnar.

Ho får eit Staalnacke-handkle frå Fargerike på Hareid. Gratulerer!

Her kan du lese meir om Vedrana Terzic:




Hødd Handball har no sitt eige ungdomsråd:

Ønskjer å bidra til auka aktivitet og mindre fråfall


Luke 1

Det mangla ikkje på forslag og engasjement då Vikebladet Vestposten la ut luke 1 i adventskalenderen søndag 1. desember.

Fram til julaftan legg vi kvar dag ut ein liten video, der lesarane skal gjette kven som pratar om julematen sin.

I den første luka var det ei djup mannsrøyst som snakka, og det kom ei rekkje forslag:

Kunne det vere Ragnar Thorseth, Svein Rødset, Roger Brudevoll, Per Oddvar Hildre, Anders Riise eller Torgeir Hauge?

Det var ingen av dei, for- som dei aller fleste gjetta- var Bernt Brandal det rette svaret. Han tok over som ordførar i Hareid no i haust.

Bernt Brandal frå Folkelista er ordførar i Hareid. Han var svaret på luke 1 adventskalenderen frå Vikebladet.Vestposten.  Foto: Linda Eikrem

Mellom dei med rett svar, vart Arve Johannes Grimstad frå Brandal trekt ut som vinnar.

Han får eit gåvekort på Blåhuset i Ulsteinvik.

Vi gratulerer!

Og her kan du lese meir om Bernt Brandal:






Opna julegåva frå innbyggjarane i Hareid

Mange hundre hadde møtt fram for å få med seg at Miljøgata på Hareid vart opna og at julegrana på Lóket vart tent fredag kveld.