Drønnen: – Eg trur timingen var god

Arve Drønnen var formann i HDU då ideen til Nyttårskonserten dukka opp. Laurdag sit han i salen som publikum under den 20. konserten i rekkja.

Gler seg: Arve Drønnen var formann i HDU då ideen om Nyttårskonserten kom til. Han blir å finne som publikummar også i år. Foto: Andreas Bjerknes 

Kultur

Då HDU og ULF spelte opp til sin første Nyttårskonsert, 15. januar 2000, var Arve Drønnen formann i HDU. Mary Kleven Brekke tipsa lokalavisa om at det var Drønnen som var opphavet til ideen om Nyttårskonserten, men det vil ikkje Drønnen utan vidare gå med på.