På eventyrlege stigar til scenekanten

musikal: Om lag15 elevar frå Ulstein og Hareid er med på Musikalen 2020, saman med fleire lærarar frå kommunane. Foto: William Gravdal, Volda vidaregåande skule 

Kultur

Innsendt: Lenge og lenger enn lenge skal dei øve, dei tre studieretningane som skal til Ørsta kulturhus for å lage musikal. 11. februar er det premiere på eventyrmusikalen Askeladden.dotcom når Volda vidaregåande skule inviterer til sin 24. musikal.

Det var ein gong på 90-talet Musikklinja starta eventyret. Over berg og blåne fann dei selskap i Medium og kommunikasjon på 2000-talet, og langt om lenge er endeleg Kunst, Design og Arkitektur (KDA) med på laget frå 2020.

- Det er veldig kjekt å ha med alle dei tre kreative linjene på prosjektet, seier Jan Terje Eidset. Han er avdelingsleiar for linjene, og er både produsent og regissør for Musikalen 2020.

I den 24. Volda-musikalen er det dei tradisjonsrike eventyra som blir fornya. Musikalen Askeladden.dotcom hentar inspirasjon både frå dagens samfunn og Asbjørnsen og Moe.

Dette eventyret er skrive ned av musikklærar Gunnar Sigve Aurdal, som sjølv var med som musikkelev i den fyrste musikalen i 1996. Dei to regissørane har teke manuset vidare og gjort det klart for scena.

I år er det regidebutant Marit Lid Skorstad som saman Jan Terje Eidset skal forme musikalen. Eidset har som kjent hatt regirolla fleire gonger tidlegare. Saman med ei mengde lærarar skal dei hjelpe elevane fram til dei står på scena på Ørsta kulturhus.

Heile 115 elevar frå dei sju kommunane på søre Sunnmøre er i år involverte i Musikalen. Elevane er med i alle delar av produksjonen, alt frå arrangering av musikk via kulissebygging til fleirkameraproduksjon når musikalen opnar dørene i februar.

Musikalen 2020 feirar tre dagar til ende, med premiere på Ørsta kulturhus 11. februar, to framsyningar både onsdag og torsdag, og ei avsluttingsframsyning fredag 14. februar.

Musikklinja ved Volda vidaregåande skule