Blåst nominert til prestisjefylt pris

Kultur

Blåst Film er nominert til ein Bodil i kategorien årets beste dokumentarfilm for filmen "Vinterens lengsel".

Det er danske filmkritikarar som står bak Bodilprisen, som er Danmark sin eldste og viktigaste filmpris.

Filmen er produsert av brørne Are og Sturla Pilskog i Blåst Film. Dei held til på Leikong og kjem frå Hjørungavåg. Det er Sturla Pilskog og Sidse Torsthold Larsen som har regissert filmen, som har fått tittelen "Håbets Ø" på dansk.


Følgt by på Grønland i åtte år

Dokumentarfilmen er eit portrett av den vesle byen Maniitsoq på vestkysten av Grønland. Regissørane har følgt byen i nesten åtte år, frå Maniitsoq var lovd ein gigantisk aluminiumsfabrikk. Dette er Grønland sitt største prosjekt nokosinne. Innbyggjarane ventar tolmodig på byggjestart, som aldri skjer. Kva skal ein då finne på?

Filmen følgjer tre grønlendarar i byen. "Vinterens lengsel" handlar om avhengigheit og sjølvstende, både på eit personleg og nasjonalt nivå.

Får fleire film-millionar

Blåst Film får nye 1,8 millionar kroner i støtte til filmen om folket i byen Maniitsoq på Grønland.





«Ishavshanda» til Eurodok 2015

Dokumentarfilmen til brørne Are og Sturla Pilskog er teke ut til den europeiske dokumentarfilmfestivalen Eurodok 2015.