Aksel Hauge utnemnt til første æresmedlem i Ulstein Historielag:

- For ein gongs skuld blei eg mållaus

Aksel Hauge blei tysdag utnemnt til æresmedlem i Ulstein Historielag, under årsmøtet til historielaget.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Kultur

- Det er det som må stå i Vikebladet Vestposten no - at for ein gongs skuld blei Aksel Hauge mållaus, sa æresmedlemmet sjølv då han fekk overrekt eit diplom og blomar frå John Osnes, leiar i Ulstein Historielag.