Rein Alexander til MGP

Rein Alexander går utanfor komfortsonen og deltar i MGP. (arkivfoto)  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll

Kultur

Førstkomande laurdag er det delfinale i Melodi Grand Prix frå austlandet. Der er Rein Alexander Hauge Korshamn ein av fire som tevlar om ein plass i den norske finalen den 15. februar.


Gla'konsert med Hjørungavåg Brass i Hareidhallen:

Rein magi

25-årsjubileet til Hjørungavåg Brass kunne vel saktens ikkje vore feira på ein meir storslått måte. Solistane Rein Alexander og Birgitte Grytten Velsvik leverte i verdsklasse. Sjå stor bileteserie!


Operasongaren Rein Alexander deltar med songen "One Last Time". Tekst og melodi er skrive av Erik Småland, Kristoffer Tømmerbakke og Rein Alexander sjølv.

Songaren som ættar frå Sunnmøre har gjort mykje ulikt tidlegare, men ikkje vore med i Grand Prix før. Han skriv på Instagram-kontoen sin at dette er å gå utanfor komfortsonen.

På nettsida si skriv Rein Alexander at songen for han handlar om fleire parallelle ting. At han aldri skal gje seg. At han alltid skal prøve igjen, når han trur det er verdt det. Og songen handlar om at alt i livet har ein kontrast. Det eller den du ønskjer er alltid yin eller yang, lys og mørkre, godt og vondt. Eit forhold vil alltid vere tøft, men godt. Å jobbe er alltid hardt, men verdt det. Rein Alexander skriv at du må byggje og skape, og stå på for å oppleve glede og fridom.



NRK skildrar låta slik: "Se for deg en krigersk, men snill Scar i Løvenes Konge møter EDM. Det er nok akkurat passe rart til at dette kan bli en positiv overraskelse i scene-format."

Dei gir låta terningkast fire, medan dei andre deltakarane får terningkast to og tre. Men det er publikum som avgjer korleis det går laurdagskvelden.

Dagbladet har gitt låta terningkast fem.


Rein Alexander:

– Det er alltid godt å kome heim igjen

På den store jubileumskonserten på Sjøborg kulturhus laurdagskvelden er det fleire lokale stjerner som får syngje med stjerna Rein Alexander.


Dei andre delfinalistane er Tore Petterson, Anna Jæger og Kim Wigaard og Maria Mohn.