Opptakta til Hareid Fastlandssamband

Kultur

Måndag i denne veka møtte leiar Gunvor Ulstein i HAFAST opp på eit møte i regi av Maritim Forening for Søre Sunnmøre - for å framsnakke Hareid Fastlandssamband til leiaren i Transportkomiteen på Stortinget. Helge Orten (H) fekk i klartekst vite at skal Sunnmøre bli slagkraftig i framtida, må ferjene mellom Hareid og Sulesund erstattast med bru over Sulafjorden – snarast råd.