Skjerestart for vikinghuset

Den første stokken til vikinghuset vart skoren på spesialsaga på Leira sist laurdag.  Foto: Bjørn Overå

Dei første rotknea er også skorne. Desse vert brukt for å lage solide samanføyingar.  Foto: Bjørn Overå

Kultur

Den første stokken til det som skal verte eit 26 meter langt vikinghus på Leira i Hjøungavåg vart skoren sist laurdag.

Ei gruppe eldsjeler har skipa Hjørungavåg Vikingpark og håpet er at eit langhus skal vedre på plass om vel to års tid. Med støtte frå Sparebanken Møre er ei spesialsag innkjøpt frå Canada og montert opp på Leira. Vikinghuset skal setjast opp utelukkande i lokal furu og tømmeret vert skore til på staden.


Styret i Hjørungavåg Vikingpark inviterer til å bli med på å bygge langhus

- Vi må nok tre år fram i tid før huset er ferdig


- Førebels har vi fått tatt ut tømmer frå den kommunale skogen på Røyset og på Overå, fortel styreleiar i Hjørungavåg Vikingpark, Ronny Nipen.

Dei har også fått tilsagn på ein del privat skog. Mellom anna fortel Bjørn Overå, ein av dei som er med i dugnadsgjengen, at eigaren av Risneset, Per Sævik, har gitt løyve til at det kan takast ut furu på området. Dette treverket skal nyttast til såkalla rotkne.

- Rotknea vert brukt til å forsterke samanføyingane. Furutrea på Risneset vart forresten planta av skuleungane i Hjørungavåg for rundt åtti år sidan, opplyser Overå.


Vil bygge Hjørungavåg Vikingpark

Eit bygdemøte på Jomsvoll torsdag kveld slo fast at bygging av eit langhus i tradisjonell vikingstil kan kome i gang på Leira alt til våren.


Det er arkitekt Magne Bergseth i Eiksund som har teikna vkinghuset,