Mykje som skjer i helga

Til helga er det mellom anna den fjerde, og siste, runda i vinterkarusellen av Grimstadvatnet Rundt.  

Kultur

Helga er like om hjørnet, og sjølv om det er meldt dårleg vêr, så er det ingen grunn til å deppe av den grunn. Vikebladet Vestposten gir deg ei rask oversikt over det som skjer i helga

I dag, fredag 31. januar, er det duka for klubbkveld i regi av ungdomsklubben. Klubbkvelden finn stad på Rådhuset i Hareid. Så ta gjerne turen.

I morgon, 1. februar, er det Grimstadvatnet rundt.


Fjerde løp i vinterkarusellen

Den fjerde og siste utgåva av Grimstadvatnet rundt denne sesongen.


På søndag er det kamphelg i Hareidshallen der Hareid IL Handball sine J11, J13, samt damelaget møter motstand frå Stranda, Sykkylven, Aksla3. Samt damelaget speler mot Spjelkavik 2. Vel møt!

Om ikkje handball er noko for deg arrangerer Barnas turlag Hareid, Kom deg ut dagen, søndag 2 februar. Arrangementet foregår ved Gnist barnehage. Her skal vi kose oss, henge opp turtipp i skogen og tenne opp bål. Barnas turlag stiller med pølser så langt lageret rekk.

Kammerkoret og Vyrde mannskor arrangerer korkafé i bedehuset i Hareid søndag ettermiddag.

Er du i Ulstein kommune i helga blir det mykje fint å sjå fram til her også.

Lyst å le litt ein fredagskveld? Halvor Johansson er ein ettertrakta komikar, og inntar kultursalen på Sjøborg fredagskvelden 31. januar.

Laurdag er det regional konkurranse i RG på Ulstein Arena.

Elles er det Søre Cup (Odden Cup) fredag og laurdag, i Ulsteinhallen.


Klart for Søre Cup i Ulsteinhallen

Søre Cup (Odden Cup) går av stabelen fredag og laurdag.