Inviterer til ny humorkveld

Tidlegare dyrlækjar John Osnes slo til med gode historier under humorkvelden i fjor i lag med Roger Sundgot og Knut Arne Høyvik. Førstkomande tysdag er det tid for ny humorkveld i kommunestyresalen på Ulstein rådhus. Då er også Line Urke og Andreas Ringstad med på laget. 

Kultur

Ulstein Historielag har fått med seg to nye lokale humoristar når dei førstkomande tysdag inviterer til humorkveld i kommunestyresalen på Ulstein rådhus.

- Tanken er at dette skal bli ein årleg tradisjon midtvinters. Tilsvarande kveld i fjor vinter vart ein suksess, der latteren tidvis runga i kommunestyresalen. Kven hugsar ikkje historia til Roger Sundgot, som fortalde at han hadde blitt så oppteken av kortreist mat, at han 4 gongar for dag besøkte Shell for å ete Brudevoll-mør, heiter det i førehandsomtalen frå Ulstein Historielag.

Første gongen historielaget slo til med humorkveld var i fjor. Då var det trioen Knut Arne Høyvik, Roger Sundgot og John Osnes som delte gode historier. Til humorkvelden komande tysdag vert også Line Urke og Andreas Ringstad med.

- Line er ei allsidig Ulsteinvik-dame med bakgrunn i Ulstein Næringsforum, Regionavisa, Ulstein Group, Dagbladet og OL på Lillehammer. Men for oss i Ulsteinvik er ho kan hende best kjend frå Trebåtfestivalen og som forfattar av boka om Rolf Hatlø, alias Rolf Sin. Det blir heilt sikkert ein del gode Rolf-historier å høyre på humorkvelden.

Den andre debutanten på humorkvelden er Andreas Ringstad. Andreas starta som murar, men utdanna seg til skipsingeniør. Han har arbeidd i mest alle bedriftene i den maritime klynga, m.a. som verftssjef i Ulstein. Andreas er også revisor i Ulstein Historielag. Mange vil nok lure på om ein skipsingeniør og revisor kan vere humorist, men folk som kjenner Andreas, seier at han har mange gode historier på lager, melder historielaget som også kan freiste med kaffi, kaker og lotteri.