Lovar tidenes artistparade under Trebaatfestivalen

Festival-eldsjelene Hugo Antonsen og Line Urke håper at både festivalområdet ved "Gullblokka" og resten av Ulsteinvik vil syde av liv under Trebaatfestivalen i august. 

Kultur

Trebaatfestivalen feirar 15 årsjubileum i år. Festivalen vert også denne gongen, som dei aller fleste åra tidlegare, arrangert i veke 33. I år vert dette 13. – 16. august.

Festivalteltet på Kulturalmenningen i Ulsteinvik har på mange vis har vore senteret for kulturarrangementa under Trebaatfestivalen. Til årets festival vert sceneunderhaldninga flytta ut til Vikholmen og parkeringsplassen ved "Gullblokka". Trebåtane vil framleis setje sitt preg i hamna frå hotellet ut på Geileneset.

– På denne måten strekkjer vi festivalen utover eit større område. Det vil gi endå meir liv og røre i Ulsteinvik, trur Line Urke og Hugo Antonsen i Trebaatfestivalen.

På festivalområdet ved "Gullblokka"skal det etter planen riggast til to scener, ei på sjølve parkeringsplassen og ei borte ved Vikholmen Aktivitetshus.

Arrangørane lovar ein artistparade som det knapt har vore maken til i Ulsteinvik tidlegare.

– Vi arbeider med å få på plass fleire kjende norske artistar. Det er for tidleg å gå ut med namn enno, men eg kan røpe så mykje at dei fleste har gjort det bra på tv i det siste, seier Hugo Antonsen.

Elles håper dei at både festivalområdet og sentrum av Ulsteinvik elles, vil yre av liv under Trebaatfestivalen.

– Det vert salsbuer av ulike slag både på kulturalmenningen og ved Rådhusplassen. Vi set opp serveringstelt på festivalområdet der det vert høve til å kjøpe både mat og drikke, fortel Line Urke.

Arbeidet med rigging av dei to scenene gjer at Trebaatfestivalen har behov for eit stort tal med frivillige. Den som har lyst til å vere med på å ta i eit tak må altså merke seg datoen.