"Sisteplass" tok førsteplass i Bezzerwizzer-turneringa

Tre glade vinnarar frå laget "Sisteplass" som fekk kvar sitt Bezzerwizzer-spel i premie. Frå venstre Steffen Anderson (3Påbygg1), Linn Håberg Dimmen (3st2) og Stian Myklebust Eiksund (3Påbygg1).  Foto: Sindre Grønmyr Rise.

Kultur

Tysdag tok den årvisse Bezzerwizzer-turneringa til ved Ulstein vidaregåande skule.

I alt ni lag deltok i semifinalerunden, og av desse var det fire lag som kvalifiserte seg til finalebordet torsdag. Dette var laga "Sisteplass", "Ben Dover", "Terningkast 3" og "Team Mahad".

Ikkje sisteplass likevel

Etter eit jamt oppgjer mellom dei fire laga drog laget med det passande ironiske namnet "Sisteplass" i land sigeren. Kvar deltakar på laget fekk kvart sitt Bezzerwizzer-spel i premie. "Sisteplass" bestod av elevane Steffen Anderson (3Påbygg1), Linn Håberg Dimmen (3st2) og Stian Myklebust Eiksund (3Påbygg1).

Det avgjerande spørsmålet var; Kva står forkortinga VPN for? Svaret på dette er "Virtuelt Privat Nettverk" - og det var "Sisteplass"-medlem Steffen Anderson som visste svaret på akkurat det spørsmålet.

Men - ifølgje lektor Sindre Grønmyr Rise var både Steffen Anderson og Stian Myklebust Eiksund samde om at lagvenninna Linn Håberg Dimmen var den viktigaste på laget - med sin spisskompetanse på vitskap.