Inviterer til feiring den internasjonale kvinnedagen

Sunnmøre Folkehøgskule: Kvinnedagen har vore feira på Sunnmøre Folkehøgskule i ei årrekke og det vert han også førstkomande søndag, 8. mars. Biletet er frå samlinga i fjor då sanitetskvinnen stod som arrangørar. 

Kultur

Også i år vert Kvinnedagen den. 8. mars markert i Hareid og Ulstein. Det skjer på Sunnmøre Folkehøgskule søndag kveld..

- Den internasjonale kvinnedagen feirast over store deler av verda. Dagen har røter tilbake til rundt 1911 og var ein dag då kvinnene målbar sine krav og rettar. Det var først i 1978 at dagen vart innførd som ein dag godkjend i FN. Mykje av det vi i dag ser på som heilt naturleg og rett i arbeidslivet vart kjempa fram av kvinner før oss, seier Ranveig Kaldhol som er med i arrangørnemnda.

- Vi i Ulstein og Hareid vil feire dagen i solidaritet med kvinner i andre land som endå har mykje å kjempa for, men vi vil og feira og verna om den viktige posisjonen kvinner har i vårt samfunn, seier ho.

Feiringa av Kvinnedagen har i mange år gått føre seg på Sunnmøre Folkehøgskule. Her vert det song og musikk og dagens hovudtalar er Randi Walderhaug Frisvoll som er fylkesleiar i Møre og Romsdal KrF.

- Det vert også appell ved Hallgerd Conradi for Amnesty Internasjonal, det vert eit historisk tilbakeblikk, enkel utlodding og ein matbit. Kort sagt ein triveleg kveld, lovar arrangørane.