Startar 50-årsfeiringa med hjelp frå Brazz Brothers

Denne helga får musikarane i Hasund og Dimnøy Skulekorps og Haddal Skulekorps lære frå sjølvaste Brazz Brothers. Søndag spelar dei konsert på Sjøborg.  

Kultur

Søndag ettermiddag inviterer Hasund og Dimnøy Skulekorps til korpsfest på Sjøborg. Skulekorpset feirar 50 år i 2020 og opnar jubileet med ein konsert litt utanom det vanlege.