Overraska Svenning med talentstipend på døra

Solid overrasking: Lillian Kleven Breivik frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre i Ulsteinvik dukka opp på døra heime hos Svenning Veiseth for å dele ut banken sitt Talentstipend for 2020.  

Kultur

Det er spesielle dagar for folk flest, der mange må både jobbe og gå på skule heime. Slik er det også for 18-åringen Svenning Veiseth, men tysdag fekk han ei svært kjekk oppmuntring då Lillian Kleven Breivik, avdelingsbanksjef for Sparebank 1 Søre Sunnmøre si avdeling i Ulsteinvik, kom på besøk med banken sitt talentstipend for 2020.