Spellemann til Gaahls WYRD

Gaahls WYRD var tidlegare i år i studio. Frå venstre produsent Iver Sandøy, Kristian Espedal og Ole Walaunet. Fredag vart dei vinnarar av metal-klassa under Spellemannsprisen.  Foto: Ole Walaunet

Kultur

Ole Walaunet, opphavleg frå Ulsteinvik, vann fredag Spellemannsprisen i kategorien metal saman med bandet Gaahls WYRD. Bandet var nominert for debutplata "Gastir - Ghosts Invited" og konkurrerte mot Kampfar, SÂVER og Sibiir.


Nominert til Spellemannsprisen

Walaunet er nominert til Spellemannsprisen


Årets Spellemannspris skulle eigentleg blitt delt ut i Oslo siste helga i mars, men grunna koronapandemien måtte arrangementet leggast om. I hovudsak har prisane blitt delt ut på NRK-streamen "Alltid saman" på NRK nett-tv og NRK2.

Ole Walaunet har vore ein viktig bidragsytar på den no Spellemannprisvinnande plata, der han og vokalist Kristian Espedal har samarbeidd om å skrive mykje av musikken på albumet.