Full klaff for Ulsteinscena

Det vart ein svært vellukka kveld då Nyekyrkjekarane arrangerte tidenes første drive-in konsert i Ulsteinvik.  

Kultur

Drive-in kino har fått ein oppsving under koronapandemien og etter kvart har også konseptet drive-in konsert dukka opp rundt om i landet. Laurdag stod Nyekyrkjekarane i spissen for tidenes første drive-in konsert i Ulsteinvik, då fire lokale band underheldt frå Ulsteinscena på parkeringsplassen utanfor hotellet.