Digital Bygdepride i Ørsta og Volda

Kultur

Koronapandemien gjer at Bygdepride ikkje kan arrangerast som normalt. No blir arrangementet digitalt.

Den digitale feiringa går føre seg torsdag 7. mai og laurdag 9. mai. På torsdagen blir det minikonsert og helsing frå soknepresten i Ørsta. Laurdagen blir det appellar frå blant andre ordførarane i Ørsta og Volda og kulturminister Abid Raja.

– Bygdepride vart skipa for å fremje skeive sine rettigheiter på bygda, og vi ville vise at bygdene våre er tolerante og aksepterande. Vi ønsker å halde fram med å vise at bygdene våre er slik. Dette er viktig, ikkje berre for skeive, men for alle som kjenner seg litt annleis. Ørsta/ Volda, Søre Sunnmøre og Nordfjord, skal vere samfunn der det er heilt greitt å vere den du er, seier Anbjørn Steinholm Frislid, leiar i styret for Bygdepride Ørsta/Volda i ei pressemelding.

Eitt av hovudarrangementa som skulle ha vore under Bygdepride i år, var regnbogemessa i Ørsta kyrkje.

– Difor er vi veldig glade for at sokneprest Arne Moltubak tek del. At kyrkja viser eit ekte engasjement, har veldig mykje å seie for skeive i samfunnet vårt, seier Frislid.