- Mange har sakna gudstenestene

NATTVERD: - Mange har sakna å kunne gå til gudsteneste og å kunne feire nattverd saman. No vert dette mogleg att, om enn i ei litt anna form enn før, seier kyrkjeverje Christfried Kaul.  Foto: Cecilie Hatløy / Ulstein sokn

Kultur

– Folk blir rett og slett begeistra når dei får vite at vi opnar kyrkja for gudstenester att. Dette er noko mange har sakna og lengta etter, seier kyrkjeverje Christfried Kaul.

Denne veka fekk kyrkjene retningslinjer for korleis dei kan gjennomføre gudstenester for opptil 50 personar til stades i kyrkja.

Kaul fortel at førstkommande søndag, 10. mai, vert det to gudstenester i Ulstein kyrkje som er opne for alle.

Smittevernet vert vareteke ved å følge nasjonale retningslinjer og kommunelegen sine tilrådingar.

– Ein ting som mange særleg har sakna er å kunne gå til nattverd saman. Sjølv om det vert ein litt annan praksis enn det som er vanleg, vil vi no feire nattverd i lag, med stor vekt på hygiene og med ein meters avstand mellom deltakarane, seier kyrkjeverja.

Påmelding

For at soknet skal ha kontroll med at talet på gudstenestedeltakarar ikkje overstig 50 personar, må folk no melde seg på dei einskilde gudstenestene.

– Vi kom fram til at dette er betre enn å måtte avvise folk i kyrkjedøra, sjølv om det kan verke litt underleg å skulle melde seg på for å gå i kyrkja, seier Christfried Kaul.

Påmeldinga skjer anten via Ulstein sokn sine nettsider eller ved å ringe kyrkjekontoret.

Ifølgje retningslinjene som kyrkja har fått frå styresmaktene er det fire viktige hovudprinsipp som må følgjast for å vareta smittevernet best mogleg:

Den som er sjuk kan ikkje delta eller vere til stades i kyrkja, ein må ha gode rutinar for handhygiene og reinhald, ein må halde god avstand til kvarandre, minimum ein meter og unngå i så stor grad som råd felles bruk og berøring av inventar og utstyr i kyrkja.

– Vanlegvis har vi i snitt eit besøk på 190 personar på kvar gudsteneste. Ulstein kyrkje er ikkje så stor og med ein meters avstand mellom gudstenestedeltakarane er det ikkje plass til særleg meir enn 50 personar i kyrkja sjølv om styresmaktene skulle opne for ei større gruppe deltakarar etter 15. juni

For at fleire skal kunne få høve til delta, vil soknet arrangere fleire gudstenester. Til dømes legg dei opp til to gudstenester på fleire søndagar og heilagdagar framover, det vert eigne dåpsgudstenester og dessutan kveldsgudstenester elles i veka.

Mange har fått med seg dei digitale gudstenestene og soknet vil halde fram å strøyme desse via Facebook og YouTube ettersom det berre er rom for eit fåtal av medlemmene i kyrkjelyden på den fysiske gudstenesta.

Fireårsbok og trusopplæring

Elles går livet i soknet sin gang.

Fireårsboka er delt ut i postkassene til dei det gjeld og gudstenesta der desse bøkene normalt skulle ha blitt delt ut er produsert og vil bli vist søndag 10. mai. Også festgudstenesta på 17. mai vil bli produsert på førehand der Con Moto, Korklubben og musikarar frå HDU vert med.

Soknet har også fått opna for å ha dåpssamtalar og sørgesamtalar i kyrkjerommet og representantar for kyrkja er også å nå på telefon og Skype. Når det gjeld dødsbodskap og nattverd og omsorg til døyande vil kyrkja framleis gjere sitt for å gjennomføre dette, i samråd med rådande smittevernspeglar og kommunelegen si tilråding.

Gjennom trusopplæringstiltaket "Skapt" har seksåringane i soknet mellom anna fått vere med på å setje poteter. Dette vert gjennomført i mai. Korarbeidet for born og unge er også i ferd med å kome i gang att. Korklubben skal øve på Fredheim, medan Ulstein Ten Sing er så mange at dei må flytte øvingane sine til Sunnmøre Folkehøgskule for å få nok plass til å overhalde smittevernstiltaka og regelen om å halde ein meters avstand.