"Russetida var kald, rasande festleg og hektisk"

Vikebladet Vestposten har den siste tida bladd i gamle russeaviser frå Ulstein vidaregåande skule. Og så bad vi 25 tidlegare russ om å mimre tilbake til russetida. Her kan du lese kva dei svarte.
Kultur

Johannes "Mothers car(e)" Alme

Russeomtale Johannes Alme  Foto: Faksimile

Ja ha, definitivt eit nytt alderdomsteikn når lokalavisa vil vite korleis mi russetid var. Vidaregåande var ei svært sosial og kjekk tid. Vi hadde russedåp i bassenget på Ulstein Hotell, eg i mamma sin nattkjole. Russegrisen min heitte Tysland, etter Terje Tysland. Fem av oss gutane gjekk saman og måla Karl-Egil sin grøne Taunus raud, det var vår russebil.