Droppar drive-in grunna dritvêr: Flyttar utekonsert inn

Laurdag kveld var det duka for nok ein drive-in-konsert på parkeringsplassen ved Quality Hotell Ulstein. På grunn av at det er meldt dårleg vêr er sjølve konserten flytta inn på Sjøborg og på grunn av smitteverntiltak på grunn av koronasituasjonen er det berre eit lita gruppe inviterte gjester som får vere tilstades i salen. Men alle kan få med seg konserten anten på Bygderadio Vest eller via Ulsteinmessa sine facebooksider.  Foto: Andreas Bjerknes

Kultur

Den planlagde drive-in-konserten utanfor hotellet i Ulsteinvik i kveld, laurdag, vert flytta innandørs. Dette vert gjort på grunn av at det rett og slett er meldt eit ufyseleg vêr.



– Det er viktig for oss at konserten likevel vert gjennomført, så vi flyttar arrangementet innandørs, fortel Åge Grimstad som saman med resten av medlemmene i Nyekyrkjekarane står bak tiltaket Ulsteinscena.



Laurdag 16. mai skulle drive-in-konsert nummer tre etter planen gå av stabelen, med Über Jam, Holy Ghost Band og lokale Tens Sing Norway-medlemmer på scenen.



På grunn av smitteverntiltaka er det berre eit fåtal inviterte som får med seg konserten på Sjøborg reint fysisk, men den som vil kan lytte til konserten på Bygderadio Vest eller følgje den på Ulsteinmessa sine facebooksider.

Du kan få med deg konserten ved å følgje denne lenka: https://www.facebook.com/ulsteinmessa